Østersskal i Selvågen

Publisert av:
11/5/2013 12:54

 

Dette må vel vera ein flatøsters – den eineste østersen som finnest naturleg i Norge, og den er svært ettertrakta i Europa. Fram til midten av 1800-tallet var østers vanleg langs heile norskekysten, og store mengder vart teken opp frå sjøbotnen. Seinare minka det på den, og den er sjeldan å finna no.

Men i brakkvatnet i Selvågen må den altså ha funne seg til rette.

Biletet viser både over- og undersida. Ein liten stein er kapsla inn i skalet.