Oslo Ess og Ketil Bjørnstad til Tysnesfest 2014!

Publisert av:
13/3/2014 06:50

Det er stor stas og sleppa to navn som begge er store stjerner innforbi kvar sin sjanger. Begge skal og gjera noko utradisjonelle konsertar under Tysnesfest. Ketil Bjørnstad skal opptre i ei privat stua, mens Oslo Ess skal få æra av å vera fysta rockebandet nokon sinne som står på toppen av Tysnes, nemlig Tysnessåto med sine 753 meter øve havet og fjorden. Her ynskjer me å få ungdommen i alle aldrar til fjells for ein flott natur opplevelse, samtidig som dei får ein fine konsert. Oslo Ess kjem og til å spela på Gjerstad Arena.

Oslo Ess

Landevegs-rockarane i Oslo Ess er aktuelle med sitt tredje studioalbum som har fått tittelen “Alle hjerter deler seg”. Albumet gjekk rett inn på fyrsteplass på VG-lista, og fekk fantastisk omtale i bl.a. VG (6/6), Aftenposten (5/6), Hamar Arbeiderblad (6/6) og Adressa (5/6).                                                 

Bandet som ofte vert omtala som norges mest hardtarbeidande rockeband, spelte heile 200 konsertar i 2012 og var i 2013 det bandet som hadde opptredd på flest festival i Norge – for tredje år på rad.

I 2014 skal igjen Oslo Ess ut på vegen og igjen skal heile landet dekkast på deira turnerute. Til og med Svalbard skal få besøk og sjølv etter energisk turnering sidan 2010 har bandet bagasjen full av live-energi og pågangsmot. Bandet har bare nokre få hol på CV-en frå å ha vore innom alle byar i Norge og målet er at desse no skal tettast.

17. februar 2014 slapp altså Oslo Ess si tredje studioplate ”Alle Hjerter Deler Seg”. Dette bare tre år etter at du såg dei tre punk-rockarane på TV for fyrste gang under Urørtfinalen i januar 2011. 5 radiohitar, 1 norgesrekord, 1 Spelemann-nominasjon og 1 topplassering på VG-lista seinare, kan Oslo Ess nyte suksessen av alt det harde arbeidet, og tronar heilt i toppen av rocke-Norge.

Les meir om Oslo Ess her.

[youtube]5LpJahxcCJA[/youtube]

Ketil Bjørnstad

Ketil Bjørnstad (f. 1952) er ein av Norges mest framifrå kunstnar.  Han er anerkjent og markant forfattar, plateartist, komponist, utøvande musikar og samfunnsdebattant.  Han har ein litteratur- og musikkproduksjon som er unik i norsk samanheng, med over 50 plateutgivnader bak seg.

 Som tenåring var han blant ein av landet mest lovande klassiske pianist. Han ”hoppa av” den klassiske skulen og starta med improvisasjonsmusikk. På 70-talet laga han ei rekke plater med landets fremste jazzmusikarar. Det store kommersielle gjennombrotet kom med trippel-lp-en “Leve Patagonia”, som fortsatt i dag står som eit hovudverk.  Dei seinare åra har han samarbeida med det prestisjetunge jazzplateselskapet ECM og har gitt ut kritikarroste CD-ar der.  Hans lyriske og melodiøse komposisjonar har hausta internasjonal ros.

På Tysnesfest skal han halde solo- pianokonsert.  Dette har me store forventningar til!

Les meir om Kjetil Bjørnstad her.

[youtube]SmMvv3QY9Hc[/youtube]