Osingar vil ha indre
7/10/2012 17:55
Det er Os og Fusaposten som skriv at meir enn 150 tilhøyrarar var til stades på møtet, der det kom fram at dei fleste ynskjer at den framtidige kyststamvegen kjem over Fusa. Grunnen til dette er at dersom det midtre alternativet vert valgt med bru over Bjørnefjorden, så vil all trafikken gå gjennom den vakraste skjergarden dei har i Os.
På møtet var det mellom anna representant frå Statens vegvesen, som viste mange illustrasjoner av kryssing av Bjørnefjorden i ulike variantar, men få illustrasjoner synte tilsvarande vegstrekkjer gjennom Fusa. Forklaringa på dette var at Fusa-alternativet er det stort sett berre å gå i gong og byggja, fordi det er kjent teknologi, medan bruløysingane krev meir av teknologiske utfordringar.
Det er ikkje så lenge til ei avgjerd kan bli tatt. Regjeringa har sagt at trasévalet skal offentleggjerast i mars neste år, og Statens vegvesen leverer si faglege tilråding om fire veker.