Os for sterke
24/10/2009 18:37
Tysnes IL sine gutar 11 hadde ein god periode midt i kampen i dag, men det var ikkje nok til å tukta osingane.
Os starta kampen best og leia med sju mål før Tysnes scora. Då var det åtte minuttar igjen av 1.omgongen og gav heimelaget ein liten opptur. Dei scora enno eit par og til pause stod det 3-9.
Tysnes starta 2.omgong veldig bra og særleg Matias Helland var i støtet. Han sette inn tre mål ganske kjapt og brått var leiinga til Os berre med tre mål. Det holdt seg ei stund, før Os sette inn støtet på slutten og overtok spelet igjen og vann til slutt 9-17.
Desse var med: Lars Even Stue, Vegard Kleppe Eivind Martinsen, Brede Horne Hope (1), Johannes Haugsgjerd (1), Arild Flornes (1), Marius Tysnes, Fredrik Ludvigsen, Matias Helland (6), Elvis A. Kalvans.