Ordens- forstyrrelse

Publisert av:
12/7/2013 06:10

Ein mann midt i 30 åra vart i går kveld arrestert og anmeldt for ordensforstyrrelse. Vedkommande vart fleire gonger vist bort frå konsertområdet, men gav seg ikkje.

-Til slutt vart han teken hand om av politiet og frakta til arrest i Bergen av Kystvakta. Han vert anmeldt. Han fekk fleire sjansar. Til slutt fekk politiet på staden nok, og han vart satt i båt på vei til Bergen med Kystvakta. Dei bistår oss der ute, fortel operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt, Knut Dahl-Mikkelsen til bt.no. -Han vart innbrakt til oss og blir værende her til han er edru.