Oppheving av grillforbodet

Publisert av: Dagfinn Sandvik
15/6/2018 10:47

Då kom regnet og skogbrannfaren er redusert for denne gang. Det betyr at «grillforbodet» er oppheva og ordinære reglar for årstida gjeld. Dvs forbod mot bål og grilling i og i nærleiken av skog og mark, elles minnar ein om den einskildes ansvar for å vurdere brannfaren ved aktivitet som kan medføre fare for brann.

Det har ikkje vore melding om brann eller branntilløp i tørkeperioden me har bak oss, dette set me stor pris på og vil rette ein stor takk til at folk har respektert forbodet.

 

Ønskjer alle ein fortsatt god sommar

 

Brannsjefen