Oppdatert status

Publisert av:
12/1/2015 10:39

Tysnes Kraftlag har dessverre framleis ein del kundar som ikkje har fått straumen tilbake etter stormen Nina sine herjingar. Ca 150 kundar manglar framleis straum.

Strekkjene som er ute framleis er:
Flatråker – Hodnanes – Skjeljavik
Hillesvik

Tysnes Kraftlag håpar mange av desse får straumen tilbake i løpet av dagen.

Den største utfordringa ligg no på strekkja Flatråker – Hodnanes – Skjeljavik.

Straum til fastbuande og då spesielt eldre, vil verta prioritert.

Tysnes Kraftlag ber om tilbakemeldingar om enkeltfeil, desse vert retta så snart som mogleg.

Fiberbrot vert ikkje prioritert i fyrste omgong.

 

I tillegg minner Tysnes Kraftlag alle om å vise aktsemd!

I samband med ekstremvèret i helga, ligg det linjer på bakken mange stader grunna trepåfall.
Tysnes Kraftlag vil gjera merksam på at leidningane kan vera straumførande, og at publikum må visa aktsemd, særleg der det er opne ender eller blanke leidningar, og melda dette inn til kraftlaget.
Det vil ta lang tid å utbetra alle skadene på nettet.