Publisert av:
19/1/2015 07:30
Oppdatering på vasslekasjen i Våge
Lekkasjen i Vee er no utbetra. Omlag 30m med eldre vassrøyr vart bytt og kl 18:30 fekk dei aller fleste abonnentane vatnet attende. Unntaket er Trygdepensjonatet i Peralio, som framleis manglar tilkobling til den nye leidningen.
Måndag morgon startar arbeidet med å ordna vasstilførselen til Peralio. I samband med arbeidet på måndag kan det bli stenging av vatnet midt på dagen eit par timar for alle abonnentar i Tysnesbygda. Det kan vera lurt å tappa opp litt vatn på føremiddagen. Vassverket vil organisera levering av litt vatn på måndag morgon for vask og kaffikoking til bebuarar i Peralio.
Arne Leite
Mobil: 470 26 266