Publisert av:
8/10/2015 16:51
Opningfest
Gerd og Vigdis serverte kaker, og kunne fortelle at de iallereie kl 15 hadde spretta den fjerde kaka.
Kl 10.00 opna butikksjef Morten Christensen den nye butikken med høtideleg snorklypping.
Kundane let ikkje vente på seg, mange av dei stod klare ved opninga, og kl 15 då Tysnesingen var innom, var parkeringsplassen heilt full.
Inne i butikken var det mange spente og nyfikne kundar. Nokre hadde handlelista klar, medan andre handla meir på impuls.
Lokala er dei same, men dei lyse fargane og planløysinga gjer at butikken verkar større.
Frysediskane og lågare reolar er plassert framme i lokale medan reolane i bakkant er noko høgare.
I velfylde hyller finn ein noko for ein kvar smak.
Foto: Preben Vermedal og May Britt Meland