Opna med siger

Publisert av:
31/7/2011 18:58

Njardar/Tysnes er i Oslo på Norway Cup med tre lag. Alle tre laga spelte sine fyrste kampar søndag ettermiddag.

Gutelaget var fyrst ut. Dei vann 1-0 over Rustad etter mål frå Christian Ottem. Jentelaget møtte Sykkylven til ein jamn kamp, men Njardar glippa ein gong og tapte 0-1. Smågutelaget fekk ein tøff start, då dei måtte sjå seg slått 0-7 av Hjelset-Kleive.

Kampar måndag:
Smågutelaget møter Ullern klokka 15.30
Gutelaget møter Kvinesdal klokka 14.30
Jentelaget møter Dahle klokka 16.00