Open dag og ny Personleg Trenar

Publisert av:
20/4/2015 06:51

Kom innom for ein kopp kaffi, ulike smaksprøvar, ta ein kikk og slå av
ein prat.

Ein kan og melde seg inn, få ein gratis prøvetime eller kjøpe ein
dropp-inn time. Me sel og alternative bakeprodukt.

Kom og bli kjent med våre to personlege trenarar, Hilde Marie og
Birgitte. Birgitte Holt bur i Bergen og kjem til å vera ein dag i veka
på treningssenteret vårt for å tilby PT-timar til dei som ynskjer, både
til medlemmer og ikkje-medlemmer av Tysnes Treningssenter.

Les meir på Facebook “Tysnes Treningssenter” eller på bloggen vår på 

www.tysnestreningssenter.no

Minner og om motivasjonskurs helga 24. og 25. april i Grendatun. :D