Publisert av: Martha Nygård Lande
27/9/2021 14:52
Open dag i Husflidstova
Mange gjester var innom på open dag i husflidstova laurdag, i nyoppussa og funksjonelle lokale.
Leiar Synnøve Hodneland orienterte om drifta i laget og fortalde litt om gamle bunadsdeler laget har fått i gåve, og historien kring ein av vevane som er i bruk.
Det var utstilt mykje av det som har vore produsert både på ulike kurs, lagskveldar og ung husflid som bilda viser.
Laget fekk også testa det nye digitale utstyret som kan brukast til illustrasjon/opplæring, digitale kurs og møteverksemd på nett.
Ungane som var innom fekk prøva seg på nåletoving med ull, laga hoppetau og veving.
Ein triveleg dag som vart avslutta med trekking av lotteriet me har hatt gåande i sommar.