Open dag for gründarar

Publisert av:
2/4/2014 11:13

Atheno AS og Tysnes kommune har open dag/kontordag torsdag 3. april 2014 i tidsrommet 10.00 – 14.00 i Atheno AS sine kontor i Vågsmarka 9. (hos Vågen AS)

Alle kan ta seg ein tur innom for ein prat – både nye gründarar og dei som har vore etablert ei stund.

Det er også mogeleg å avtala eit tidspunkt for individuell samtale denne dagen.

Atheno AS kjem til å ha open dag/kontordag den fyrste torsdagen i månaden i 2014.

I tillegg vert det arrangert Gründerpuls 29. april og 4. september.
Program for dagane kjem seinare.