Publisert av: May Britt Meland
20/9/2018 22:02
Open dag
I samband med brannvernveka, som er ei landsomfattande informasjonskampanje, er det mange ulike arrangement over heile landet.
På Tysnes inviterer naudetatane og Røde Kors til open dag på brannstasjonen i Eredalen.
Vil du ta ein nærmare kikk på utrykkningkjøretøya, eller freistar det med ein tur i brannbilen? Då må du ta turen Laurdag 22. september. Arrangementet er opne kl 12.00 – kl 14.00.