Ope møte med kommunestyra i Fusa, Tysnes, Austevoll og Os
7/11/2015 08:00
Møtet vert i Oseana kunst- og kultursenter, tysdag 10. november kl. 18.00.
Kommunestyra i kommunane Fusa, Tysnes, Austevoll og Os er samla for å få presentert ein rapport frå Telemarksforsking i samband med kommunereforma.
Det er rikeleg med ledige plassar for andre interesserte tilhøyrarar.
• Innleiing ved ordførar i Os, Terje Søviknes.
• Telemarksforsking presenterer rapporten «Bjørnefjorden-kommune: Utgreiing av føresetnadar for ein ny kommune».
• Ordet fritt: Spørsmål og kommentarar til rapporten frå medlemmar av kommunestyra og deretter frå andre i salen.
• Dei fire ordførarane kommenterer rapporten.
Slutt om lag klokka 20.30.
Vel møtt til ope møte med kommunestyra i Fusa, Tysnes, Austevoll og Os.
For meir informasjon, ta kontakt med ass. rådmann Paul J. Manger på telefon 47 88 11 37 eller pjm@os-ho.kommune.no.