Publisert av: Martha Nygård Lande
10/9/2020 17:10
Onsdagstreffet er i gong att
Onsdag var det opna for at frivillige kunne kome inn att på omsorgssenteret etter korona nedstenginga.
Kaka Jorunn hadde laga, vart godt motteke både av bebuarar og musikantar.
Dag Arne Saltnes saman med sine to spelekompisar Jon Olvar Hystad og Odd Kåre Eliassen, tok oss gjennom ein liten time evergreens.
Danse mi vise Gråte min sang, Leende gullbruna øgon og Blott en dag var nokre av songane som vart framført før dei avslutta med “Smile”.
Ei kjekk stund!