Publisert av:
19/11/2012 17:56
“ONKEL I AMERIKA” – har du bilete eller opplysningar?
Til det bruket vil Olav Skjellevik vera på biblioteket frå kl 18 og kan scanna bilete medan du ventar, så du treng ikkje gje dei frå deg.
Atle Tornes er svært interessert i alle typar opplysningar om tysnesingar som har utvandra til USA, og han vil også vera til stades denne kvelden. Kom og snakk med han! Alt er av interesse.
Kl 19 vil Erling Utne gje ei orientering om korleis ein kan leita etter utvandra slektningar i Digitalarkivet på internett, noko som ikkje minst vil vera av interesse for alle som driv med slektsforsking. Ta gjerne med din eigen pc!
Tid og stad: torsdag 22. november frå kl 18 og utover, biblioteket i Tysneshallen.