OnarTun offisielt opna!

Publisert av:
22/6/2017 21:40

Hausten 2014 starta arbeidet med OnarTun, og i dag kunne Gerhard Meidell Alsaker stolt vise fram dette storslåtte prosjektet. 

OnarTun inneheldt mellom anna daglegvarbutikk og frisør, i tillegg til ein flott og romsleg vrimlehall med eige flygel. Her er leiligheiter, og det kjem treningssenter og mykje meir. Åshild Matre skal ha fysikalsk institutt og etter kvart kjem det også minibank.

Senteret er tenkt å vere eit samlingspunkt og bidra til at fleire unge buset seg i bygda, og har 15 store og 6 mindre leiligheiter med fantastisk utsikt over Onarheimsfjorden og Kvinnheradsfjella.

Du kan også fylla drivstoff på senteret, “til så gode prisar at du ikkje vil finna liknande mellom Stord og Os!” i følge det OnarTun skriv på facebooksida si.

 

Kl 12 i dag var det opning av OnarTun, og svært mange møtte opp for å sjå på dette flotte, nye senteret. Det vart servert kaffe og saft og nysteikte skillingsbollar rett frå den nye Jokerbutikken sin eigen bakaromn. 

 

Seinare på dagen var det offisiell og høgtideleg opning. 

At dette var ein stor dag for Onarheimsbygdo rår det ingen tvil om: heile bygda flagda!

Det var fyrst samling utanfor med korpset og flott song av Lise Sjåk Dalen, Magne Storesætre var konfransier.

Gerhard Meidell Alsaker heldt takketale og gav blomar til alle involverte, mellom anna prosjektleiarar, arkitektar, entreprenørar, butikkeigarane til tidlegare Joker Flakkavåg og Joker Årbakka og grunneigarar.

Ordførar Kåre Martin Kleppe heldt tale, og gratulerte med det flotte senteret.

Det var høgtideleg snorklipping, servering av sprudlande Mozell og til slutt eit flott program inne.

Foto: Rebekka Høgestøl