Onarheimsguiden i nytt opplag
30/6/2021 18:27
Onarheim Bygdalag og Tveit Bygdalag har teke initiativet til denne lokale guiden som orienterer om ulike tilbod i Onarheim sokn, frå Hodnanes og Laukhamar
i sør til Krokavikjo (Nymark) i nord, Solheimsdalen i vest og Ånuglo i aust.
Målgruppa er besøkjande båt-, bil-, sykkel- og fotturistar, alle som nyleg har flytta til bygdene våre, potensielle nye tilflyttarar og me som har budd her ei stund.
Guiden er eit resultat av eit omfattande dugnadsarbeid som starta i februar 2018. Svært mange lokale hobbyfotografar, skribentar, historieinteresserte, ivrige turgåarar, næringsverksemder og andre har velvillig bidrege med bilete, tekst, innspel m.m.
Onarheimsguiden er oppdatert og trykt i nytt opplag!
Les den på www.onarheimsguiden.no, eller finn den i papirform på OnarTun, Årbakka Handelstad, Turistinformasjonen og fleire andre stader på øyo.
I Onarheimsguiden, som er på heile 56 sider, finn du TURFORSLAG samt informasjon om ALT DU KAN FINNA PÅ OG SJÅ PÅ AUSTSI’O AV TYSNES.