Publisert av:
1/8/2016 12:36
Onarheimsgildet
Ordførar Kåre Martin Kleppe opna det tiande Onarheimsgildet og samlinga om Olavsgildet på Onarheim – og om Heilag Olav.
Nils Kåre Myklebust heldt eit kåseri rundt emnet ” Kven var på Olavsgildet rundt 1330?”
Etterpå fortalde religionshistorikar Øystein Morten om si omfattande forskning kring emnet “Om jakta på Heilag Olav”.
-Spennande og interessante saker alt i hop, så dei to timane i kyrkja vart “korte” i dag fortel Olav Skjellevik.
Nils Kåre Myklebust har vore leiar for Onarheimsgildet hjennom alle dei 10 åra.
No takka han av, og fekk takkeord og blomehelsing av Leif Magne Hovland.
Foto: Olav Skjellevik