Publisert av:
13/3/2011 16:59
Onarheim Musikklag pryder førstesida i BA
Onarheim Musikklag var i helga på Hordablæsten i Grieghallen. På plass var også Bergensavisen (BA), og dei slo til med totalt fire sider med Onarheim Musikklag!
Tre fjerdedeler av framsida er bilete av tysnesingane. Inni avisa kan du over to sider sjå fleire bilete av dei og på side 25 er det ei heilside.
Artikkelen har eit stort oppslag om eldstemann Bjarne Nygård, som har spelt i Onarheim Musikklag sidan det vart stifta for 57 år sidan. Han spelar framleis. Og det gjer han saman med Kjersti Langeland på ti år som er den yngste som er med.
Løp og kjøp!