Omtalt ordførar

Publisert av:
19/9/2015 07:14

Det vart denne veka vart klart at 22 åringen Kåre Martin Kleppe (H) vert ny ordførar i Tysnes kommune.

Kåre Martin Kleppe vert omtalt som truleg Norges yngste ordførar, og i går var han gjest i Vestlandsrevyen på NRK. På spørsmålet om kva som gjer han til ein god ordførar, svarar Kåre Martin Kleppe at han er audmjuk og flink til å jobba saman med folk. Når det gjeld å ta fatt på dei nye oppgåvene i jobben som ordførar seier Kåre Martin Kleppe at han sjølvsagt er litt nervøs, men meir spent enn nervøs.

Om du ikkje fekk det med deg, kan du sjå heile intervjuet på NRK TV.

Saka har fått stor merksemd i media, og svært mange nettstader har omtalt den nye Tysnes-ordføraren.

Bergens Tidende 

NRK Hordaland

Kommunal Rapport

Bladet Tysnes

Sunnhordland

ABC nyheter

Framtida.no