Publisert av:
14/8/2010 16:52
Omsider vind
Det var ganske vindstille på Bjørnafjorden under dagens sigling under Noregsmeisterskapen for oselvarar.
Ved tolvtida etter start gjekk det berre ti minuttar før løpet vart kansellert. Litt seinare tok det seg opp med noko vind og arrangementet kunne koma i gong.
Etter to seglasar i dag er det “Terna” med rormann Nils-Ove Nipen frå Milde Båtlag som leiar. Beste båtar frå Njord/Tysnes så langt er “Berserk” med rormann Jan Vee og mannskap Lars N. Grøteide og Jan M. Hansen og “Seira” med Jan, Åshild og Sindre Økland på henholdsvis fjerde og femteplass.
Ti oselvarar frå Njord/Tysnes er med av i alt 23 båtar.
Resultat finn du her >>>