Omsette for 1.915 millionar i 2020
10/6/2021 15:30
RESULTAT FOR ALSAKER KONSERN I 2020
Alsaker-konsernet, som er konsernselskapet til Alsaker Fjordbruk, fekk eit driftsresultat på kroner 525 millionar i 2020.
Med ein omsetnad på kr 1.915 millionar gir dette ein driftsmargin på 27,4 %.
Alsaker er eit vertikalintegrert oppdrettskonsern med produksjon av laks. Konsernet dreiv i 2020 4 smoltanlegg, 24 matfiskkonsesjonar, eit slakteri og eit havbrukssenter.
Produksjonen i konsernet skjer i 14 kommunar: Alver (Meland), Bjørnafjorden (Fusa), Bømlo, Etne, Kvam, Kvinnherad, Sveio og Tysnes i Hordaland, samt Haugesund (Røvær), Stavanger (Rennesøy), Sandnes, Suldal, Tysvær og Vindafjord i Rogaland.
I 2020 produserte konsernet nesten 40.000 tonn laks, mot 38.000 tonn året før.
Produksjonsmessig har 2020 vore eit middels godt år for konsernet, med framgang i fleire deler av produksjonen. Både produksjonsvolumet og slaktevolumet gjekk opp samanlikna med 2019.
Ved utgangen av 2020 var det 248 fast tilsette i Alsaker-konsernet. Konsernet har godt kvalifiserte og
motiverte personar i alle ledd i organisasjonen.
Bokført eigenkapital i konsernet var ved utgangen av året kr 1.703 millionar – noko som gir ein
eigenkapitalandel på 60 %.
PRESSEMELDING FRÅ ALSAKER KONSERN