Olderfjord’s Vielges Han

Publisert av:
9/11/2014 13:41

Øystein Utne var i går 8/11, på rugdeprøve med hunden sin, Olderfjord’s Vielges Han, og for andre året på rad fekk han 1pr AK. Det var rundt 33 hundar som starta og 5 fekk premie.

Så no ventar rugdepokalløpet den 23.nov. Der møtes alle hundane som har fått 1pr til kamp om napp i Rugdepokalen og ein gullrugde!

Øystein Utne fortel til Tysnesingen.no at dette er litt “prestisje ” for fuglehundfolket kring Bergen! På ein slik jaktprøve kan ein anten oppnå 1, 2 eller 3 pr alt etter kor flink ein er til å finne og behandle fuglen – i dette tilfellet rugde. Om hunden ikkje finn fugl, eller gjer noko som bryt reglane, får han ingen premie.