Olav Skjellevik om Spanskesjuka

Publisert av:
6/2/2009 11:11

Dette er noko av det dystre bakteppet for Olav Skjellevik sitt føredrag i Sundagsakademiet sundag 15. februar. Olav Skjellevik skulle vera kjend for dei fleste tysnesingar etter kvart, som lokalhistorikar, kåsør og turleiar. Skjellevik har ein livslang bakgrunn frå skuleverket, m.a. fleire år som rektor, og har i dag som pensjonist delvis flytta heim att til barndomstraktene i Flakkavågen på Onarheimsida av Tysnes. Også i Sandnes, der han har budd og verka i mesteparten av sitt yrkesaktive liv, har han gjort seg bemerka gjennom lokalhistorisk arbeid, og også innan musikklivet. 

I 2009 kan me markera at det er 90 år sidan Spanskesjuka ebba ut, etter to år med intens herjing. Det var så lite ein hadde å stilla opp med mot den enorme epidemien – korkje konjakk, kvikksølvsalve innsmurd i nasebora, dampande tjøre, gjær eller brakarøyk hjelpte mot elendet. Om alt dette og meir til vil Olav Skjellevik fortelja om på Sundagsakademiet 15/2.

Som vanleg vert det ein kaffipause i programmet og litt å bita i.

Tid og stad: Sundag 15. februar kl. 17, Tysnes folkebibliotek i Tysneshallen. Gratis adgang.

Arr. Tysnes folkebibliotek og Tysnes Sogelag.