Økonomidag
29/8/2012 06:45
Har du og di bedrift eit ynskje om å få meir informasjon om korleis ein kan analysere eit rekneskap ved hjelp av nøkkeltal, lurer på kva banken legg vekt på når dei vurderer bedrifta di som kunde eller kva som er lover og reglar om skatt og avgift?
Tysnes næringsråd inviterer med dette til økonomiseminar der ein tar opp desse spørsmåla.
AGENDA
– Kva er ein god lånesøknad, kva legg banken vekt på i kundeforholdet og spelar
banken på lag med næringslivet? Føredrag v/ Banksjef Tysnes Sparebank Siri
Berggreen
– Korleis skal ein vurdere ein balanse, kva vil nøkkeltal sei, korleis finn ein nøkkeltal.
Føredrag v/Partner /Statsautorisert revisor i KPMG Willy Hauge
– Kva skal ein tenke på om ein vil ha utanlandske arbeidstakarar, kva reglar gjeld for
mva, forskotstrekk og arbeidsgjevaravgift, kva er arbeidstakarregisteret, kva gjeld
ved registrering av næringsverksemd. Føredrag v/ Skatt Vest Bente Steffensen
Lundekvam
Seminaret er den 11 september 2012 kl. 0900 – 1500 på Mandelhuset. Påmeldingsfrist 7 september 2012. Påmelding til naeringsraad@tysnesportalen.no
Kursavgift er kr. 300,- for medlemmer av næringsrådet og kr. 400,- for andre. Dette inkluderer god lunsj og kursdokumentasjon
Helsing styret i Tysnes Næringsråd: Kjell Brekke(leiar), Elisabeth Sandven, Trond Tvedt, Ingrid H. Haaland, Lars Petter Epland, Per Ingolf Økland, Bjarte Erstad og Tine S. Stensland.