Ingen sak for lita - inga sak for stor

Og vinnaren blei…

Publisert av: Vegard Aslaksen
11/8/2019 17:50

Etter totalt 6 løp på fjorden, laurdag og søndag, vart samanlagt vinnaren av Oselvar NM, nr 20 Terna frå Milde Båtlag. Ingen av Tysnesbåtane klarte i år å koma på pallen men 59 Spretten med Arild Gjerstad som rormann kom på ein fjerdeplass berre 3 poeng bak bronseplassen som også var ein Mildebåt. Fullstendig resultatliste kan du lesa her.

Premieutdelinga føregjekk på kaien i Våge innimellom bygene.

NM medaljer vart overrakt av seilforbundets representant Hermod Opstvedt.

Tysnesingen gratulerer både vinnarar, siglarar og friviljuge med gjennomført Noregsmeisterskap.