Offentleg bading startar opp att med påmelding

Publisert av: May Britt Meland
8/10/2020 09:36

I neste veke byrjar offentleg bading att. Fredag 16/10 er fyrste bading.

OBS påmelding og begrensa antall

Grunna coronasituasjonen er symjeklubben nøydd til å ta forhåndspåmelding/registrering av deltakarar. I tillegg er det ei begrensning på maks 20 personar pr badeøkt.

For å gjera dette mest mulig smidig nyttar me deltager.no til både påmelding og betaling, skriv Tysnes Symjeklubb på sidene sine. For å gjera det enkelt er det same pris for vaksen og barn.

Slik melder du deg på:
Gå inn på Tysnes symjeklubb på www.deltager.no. I søkeresultater kjem badingene som er lagt ut. Merk at det berre er 2 badeøkter pr dag.
Tidene er litt forandra sidan me lyt gjennomføre desinfeksjon av alle kontaktflater i garderobar mellom kvar bading.

Du finn meir informasjon når du klikkar deg inn på den aktuelle badinga. Viktig at du les dette.

Du betaler også direkte i påmeldinga anten med vipps eller kort.

Påmeldingsystemet opnar torsdag 08.10.
Det blir offentleg bading mandager og fredager fram til jul.
Ps: kun påmeldte slepp inn på badingane så pass på å meld deg på i god tid.