Nyttårsafto 2008
17/12/2008 14:09
Sidan år 2000 har det vore show og spetakkel i Vonheim på Nyttårsafta med liveshow, nyttårsfilm og nattmat. I år blir det enda større, enda betre, sprudlande av latter og dårlig humor av nasjonal standard! Tysnes ungdomslag er stolte over å presentere Nyttårsafto 2008!
Med Tysnes sine vekstproblem på programmet i usedvanlig useriøse men uffatteleg underhaldande filmar og sketsjer, skal nyttårsgjengen ta dykk med på ei reisa som garanterer vekst på Tysnes! Etter showet speler Tom og dei tre elleville spelemenn frå Fitjar og Sandnes opp til dans til longt på natt.
Nyttårsafto blir betre enn nokon gong, alt er klart for ein utrulig afta!
Så unge over 18 år, det er ingen tvil. Løp ned på Esso’n og kjøp billett, ta på finstasen og møt opp i Vonheim Nyttårsafto 2008!
18 år!
Billetter på Esso. kr 200,- (250,- i døra)
Dørane opnar kl 20:00 og pga programmet lukkar me dei kl 21:00
Tysnes Ungdomslag ynskjer alle ein riktig God Jul og eit godt nytt år!