Nytt tilbod frå biblioteket

Publisert av:
23/1/2014 09:56

Med E-lån Hordaland treng du ikkje lenger kjeda deg på venterommet eller på bussen. 

No kan du låna på biblioteket, akkurat når det passar deg. Gå inn på sida til biblioteka i Sunnhordland www.sunnbib.no, så er du i gang! Du loggar deg inn med ditt lokale lånekort. 

Neste gong du skal på ferie, kan du ta med deg mange gode e-bøker på norsk utan tung koffert. Du kan lasta ned e-bøkene til datamaskinen, lesebrettet, nettbrettet eller mobiltelefonen. Same bok kan lastast ned til seks ulike einingar, og bøkene blir automatisk levert tilbake når lånetida på tre veker er over.

Du finn oss her på E-lån Hordaland.

Korleis gjer du det? 

Denne filmsnutten hjelper deg på veg:

[youtube]0y-zbAXLddI[/youtube]

PS. Har du ikkje lånekort?
Stikk innom biblioteket (hugs legitimasjon), så ordnar me det! 

Tysnes folkebibliotek