Nytt kurs i slektsgransking på biblioteket

Publisert av:
19/9/2011 16:11

Tusenvis av menneske er bitne av basillen. Altfor mange av oss veit så altfor lite om vår eigen bakgrunn – og me skulle så gjerne visst meir om slekta vår og bragt det vidare til born og borneborn.

Data og internett har gjort arbeidet med å kartleggja slekta enklare enn nokon gong. Men sjølv på desse områda møtar ein utfordringar – korleis skal eg best utnytta alle funksjonane i dataprogrammet, og kva finst av opplysningar på internett – og kvar finn eg dei?

Etter to vellukka kurs i slektsgransking i fjor og året før luftar me no interessa for eit tredje kurs. Det vil vera både for reine nybyrjarar og dei som har følgd kursa våre tidlegare. Forkunnskapar er ikkje nødvendig, du treng heller ikkje ha drive med slektsgransking tidlegare. Dei einaste krava me set er at du disponerer ein pc med Windows som du kan ta med til kurskveldane og at du er nokolunde van med data – hos oss får du elles utlevert både kursmateriell og programvare.

For dei som har følgd eit eller begge kurs tidlegare kan det vera bra å få repetert kunnskapar i bruk av data og kjelder på internett – det kan også vera at du har spørsmål som du ønskjer å ta opp med kursleiar eller andre på kurset.

Som tidlegare tek me sikte på tre kurskveldar med Erling Utne som kursleiar. Erling har lang røynsle frå slektsgransking, og har også vore med på å utarbeida den norske versjonen av dataprogrammet Legacy, som me skal bruka på kurset. Programmet er gratis i grunnversjonen, og du vil få hjelp til å installera det på pc’en din.

Også bibliotekleiar Knut Rage har røynsle frå slektsgransking og kjeldebruk på internett, og vil orientera litt om kva som finst av lokalhistoriske og genealogiske ressursar på nettet.

Praktiske opplysningar: Tre kurskveldar frå kl 19 ca. i slutten av oktober /byrjinga av november. Send ein mail eller sms eller ta direkte kontakt og oppgje kva dagar som passar best, så skal me ta omsyn til det så langt me kan. Kursavgift kr 300.

Ta kontakt på epost tysbib@online.no eller på mobil: 46 77 25 90