Nytt forfattarbesøk på Årbakka
8/7/2023 18:20
Vert ved Årbakka Handelsstad, Lise Kvinnsland, gler seg til eit nytt forfattarbesøk. -Denne gongen er vi så heldige å få Knut Rage på besøk.
Knut Rage er forfattar og lokalhistorikar, med ein lang rekke artiklar og også bøker bak seg.
Han har tidlegere arbeida som biblioteksjef og som årbok-redaktør, og er også vinner av kulturprisen i Tysnes kommune 2022.
Bøkene hans er denne sommaren å finna på Handelssteden på Årbakka.
Laurdag 15. juli kl. 13 kan du få høyre Knut Rage på Årbakka Handelsstad. Han vil fortelje om, og lese frå boka si om Cille Gad, ei av dei mest lærde kvinnene på 1600-talet. Cille hadde ei nær tilknytning til Tysnes og leid ei tragisk skjebne. Allereie som 15-åring beherska ho gresk, hebraisk og latin, men ei akademisk karriere var sjølvsagt utelukka for ei kvinne på den tida. I 1705 forelska ho seg i ein hollandsk sjømann som gjorde henne gravid – og stakk sin kos. Barnet døydde ved fødselen, og Cille ble dermed anklaga for barnemord og dømd til døden ved halshogging. Etter fleire år i fengsel blei ho til slutt benådet for sin “yndelige lærdoms skyld”.
Lise Kvinnsland ved Handelsstaden vonar mange tek turen til Årbakka denne laurdagen for å få med seg den spennande historia.