Nytt artistslepp
17/3/2016 06:43
Melissa Horn fekk sin fyrste gitar når ho var 15 år, og det tok ikkje lang tid før ho skreiv sin fyrste låt på svensk. Ho kom inn på musikklinja, og i løpet av skuleåra fekk ho signert platekontrakt. Når skulen var ferdig byrja ho på innspeling av sine fyrste låtar og ho fekk bli med som oppvarmar på Peter Lemarc sin turnè i 2007.
Melissa har og samarbeida med ein av dei andre svenskane me får besøk av i år, Lars Winnerbäck.
Melissa er for tida midt i ein 50-konsertar lang turnè i norden. Ho selde ut sine 2 konsertar på Ole Bull scene i Bergen, og i Stockholm selte ho ut 10 konsertar på rad.
Plata ho gav it i 2013 med navnet «Om du vill vara med mig» gjekk rett inn på 1. plass i Noreg og 2. plass i Sverige.
Den siste plata hennar som kom ut i 2015 er svært godt motteken, og låtar som «Det Går Nu» og «Jag Har Gjort Det Igen» treff publikum på ein flott måte, noko hennar mange millionar strøymingar på Spotify viser.
-Me trur dette passar midt i blinken for Tysnesfest-publikummet. Melissa Horn er ein av Sveriges mest særeigne artistar med ein kjempestatus her i Noreg.
-Mange har spurt oss om me ikkje kan booka Melissa, og det er kjekt å kunna oppfylla ønska deira. Ho skal opptre fredag 8. juli.
