Publisert av: May Britt Meland
6/10/2021 21:16
Nyt hausten
Etter ein hektisk og kjekk sesong på Årbakka Handelstad kan driftar Rebekka Høgestøl no gleda seg over hausten. Hausten byr på fine dagar og kvalitetstid i den vakre tysnesnaturen, både til vanns og til fjells. Det vert mange turar i fjellet og padleturar på sjøen, anten aleine eller i lag med gode turvener.
Kvardagen er framleis aktiv for leiaren i Tysnes Turlag. I tillegg har Rebekka eit brennande engasjement for å ta vare på og nyta den fantastiske naturen vi har rundt oss.
Og……ein perfekt avslutning på ein fin tur, er eit bad i Klubben. Rebekka fortel at ho på denne tida badar ein gong i veka, når vinteren kjem vert det bading ein gong i månaden.