Nyt dagen

Publisert av:
17/7/2015 08:40

I følgje Meterologene på Twitter får vi i dag eit lynbesøk av hetebølga i Europa, men so er det det”gode gamle” sommarværet med regnbyger og vind i helga. Det er venta eit lavtrykk inn mot Vestlandet allereie i kveld.

I dag er det nok mange som nyt livet ved eller på sjøen, og nyt den flotte naturen vi har.

Når du er ute, tenk deg om og ikkje kast søppel på sjøen.
Søppel har nemleg svært lang nedbrytningstid i sjøen.

Visste du at ein papirserviett har ei nedbrytingstid på 2-4 veker?

Her er ei liste over andre typar søppel, og deira nedbrytingstid:
Avis – 6 veker
Pappeske – 2 mnd
Epøesrott – 2 mnd
Melkekartong – 3 mnd
Sigarettsneipar – 1-5 år
Plastposar – 10-20 år
Isoporkopp – 50 år
Metallboks – 50 år
Aluminiumsboksar – 200 år
Plastringar frå 6-packs – 400 år
Plastflasker – 450 år

Det er ikkje kjekt å kome til ei strand som ser slik ut.