Publisert av: May Britt Meland
2/1/2026 18:21
Nypreppa løyper og webkamera
Onarheim Idrettslag melder i dag at dei har preppa traseen frå parkeringsplassen og i skianlegget etter snøfallet i går.
Forholda er flotte til ein tur på ski, sjølv om det enno litt lite snø til å setja spor. -Viss meldingane slår til vert det meir snø ila neste veka, skriv OIL på Facebook.
Lysa er satt på i anlegget og vil vera på fram til kl.22.00.
Om du vil ha oppdatert info vert dette lagt ut på lagets facebookside, og ein kan sjå live på kamera som er montert på varmestova ved å gå inn på
www.onarheimil.no
