Nye takter på Haaheim Gaard
28/8/2013 06:41
Mange har romantiske draumar om det gode liv på landet. Torstein Hatlevik fann ein nedlagd gard på øya Tysnes i Hordaland. Nå strøymer byfolk og andre til garden hans for å få god mat og varierte opplevingar.
På Haaheim Gaard på øya Tysnes i Hordaland bur Torstein Hatlevik. På garden omsette han i fjor for 6 millionar kroner. Men han er ikkje skikkeleg bonde.
Garden vart fråflytta i 1975, og i 2000 stod det gamle sveitserhuset til forfalls då den nyutdanna musikaren oppdaga det. Han fall for «torneroseslottet» langt frå folk. Litt etter litt har Torstein gjort om både sveitserhuset og garden til ein plass som nå tiltrekkjer seg tusenvis av gjester kvart år. Den multiengasjerte, ivrige 40-åringen er ustanseleg på jakt etter å skapa nye opplevingar for dei som kjem til Haaheim Gaard. I programmet får du bli med Torstein og medhjelparane hans gjennom fleire årstider, dramatiske hendingar og fine opplevingar.







Programmet er laga av Pandora Film i Bergen for NRK. Fotograf er Olaug Spissøy Kyvik. Ho har også redigert saman med Christian Dahl. Geir Rommetveit hadde ideen, har gjort intervjua og har regi. Alle desse har i lang tid budd på Stord, men jobbar no i Bergen.