Ny storsiger til gutelaget

Publisert av:
28/4/2012 13:28

Fyrsteomgangen starta noko nervøst og heimelaget hadde mange farlege cornere som forsvaret og ein vaken Arild Ebbesvik i målet rydda unna. Etterkvart kom gutane seg opp på bana og tidvis stod dei i vegen for kvarandre framføre motstandaranes sitt mål. Til pause stod det 2-0 til Njardargutane.

Andreomgangen byrja med mål til vertane, men etter det var det berre eitt lag på bana og måla rann inn. Ein sprudlande og leiken  Markus Kjerrgård  på topp og ein allestadverande Rolf EllingUtne gjorde saman med dei andre at det til slutt stod 10-1 til gjestene .

Målscorarar var Ørjan Pettersen 3, Torstein Flakke 2, Lasse Skulstad 2, Markus Kjerrgård 2 og Rolf Elling Utne 1. Dei andre som ikkje er nemnt var Simon Malkenes, Carl Andre Dale, Lars Even Stue, Ruben S Lunde og klippa Henrik Malkenes.