Publisert av:
10/7/2010 06:49
Ny stor kveld
Fredag kveld stod Reflector, Kråkesølv, Donkeyboy og WigWam på menyen under Tysnesfest sin konsertarena på Gjerstad. Desse banda fenga nok mest den yngre garde og det kom enormt med folk.
Det velta folk på land med ferja i Våge som skulle på konsertane. Nokre meinte det var over tre tusen menneske inne på området på skuleplassen. Og stemninga vart elektrisk då Donkeyboy entra scena, før glamrockebandet WigWam avslutta kvelden.
Regnet kom til Tysnesfest, men det såg ikkje ut til å dempa stemninga. Er me på konsert, så er me på konsert! Nokre var nok likevel litt snurt for at WigWam slutta av litt tidlegare enn tenkt.
(Alle bilete: Daniell Hauge Hansen)