Ny song til minne om Arne Gjerstad

Publisert av:
15/3/2010 19:28

Gjennom desse eigenskapane pluss ein solid porsjon empati hadde Arne ei magisk evne til å løfta oss ut av kvardagen og få oss til å kjenna at me lever her og no.

Anders Bakke som har kjent Arne og familien hans i meir enn førti år skreiv eit dikt som han framførde i gravferda hans. Dette diktet har han no sett tone til og songen er å høyra på nrk. urørt, øverst under prosjektet Anders Bakke solo >>>

 

MANNEN I TUNET (Til minne om Arne Gjerstad (1930-2009)

Det stod ein mann i tunet så fast og trygg og god
Og gjekk eg innom grinda hans eg fekk ein eigen ro
For mannen eigde slike seige mjuke ord
Som sjeldan er å høyra i jaget her på jord

Det sat ein mann i tunet og såg mot fjell og hav
Og nekta plent å delta i stress og mas og kav
Han såg gjerne ein annan veg men kjende mine steg
Og visste vel om det var noko som plaga meg

Det sat ein mann i tunet og fekk meg til å le
Og tankane som pinte meg dei gav meg endeleg fred
For humor er det beste våpenet me har
Og det var denne mannen sitt angrep og forsvar

Det sat ein mann i stova medan vinden bles frå sør
Det peip og song kring nova musikk til omnens glør
Og mannen fortalde så levande og godt
Og lokka fram i frosne sjeler humring og lått

Men no står han ikkje lenger i tunet slik som før
Og når slike menn går bort det er som allting døyr
Men kanskje finns eit anna tun der andre vindar rår
Der latter fyller dagen kring mannen der han står