Ny siger til G16
24/5/2014 06:18
Njardar/Tysnes vann 5 – 0 etter at det stod 3 – 0 ved pause. Dermed har Njardar/Tysnes fem sigrar og ein uavgjort så langt i sesongen, og laget leiar pulja si.
Med unnatak av ein periode i byrjinga av 2. omgang var Njardar/Tysnes det beste laget. Pasningane sat godt, og det var god framdrift i spelet. Me fekk sjå mange gode gjennombrotspaningar, og laget kunne hatt fleire mål. Særleg mot slutten av 2. omgang sløste laget med sjansane. Njardar/Tysnes har dominert i slutten av 2. omgang i alle kampane dei har spelt i år. Det er kjekt å få igjen for god trening heilt frå nyttår.
Etter kampen kom domaren og takka begge laga for ein fairspelt kamp som var kjekk å døma. Han gav også ros til spelarane på Njardar/Tysnes. Det vart ikkje ofte han dømde så velspelande lag.
Erik 2. Jonas, Karl Henrik og Lars Even laga måla.
Desse var med: Martin Bakke, Sondre Flygansvær, Ørjan Pettersen, Elvis Kalvans, Kenneth Dalland, Erik Enes, Håkon Knudsen, Johannes Haugsgjerd. Vegard Kleppe, Jonas P. Fosså, Karl H. Helgesen, Sindre Økland og Lars Even Stue.
Tekst og foto: Per Vermedal