Ny siger

Publisert av:
3/9/2011 19:20

Berre to dagar etter siger borte mot Bremnes, tok gutelaget ein ny trepoengar. Denne gongen heime på Reiso og 2-1 siger over Trio 2.

Njardar var klart best i 1.omgong, sjølv om dei ikkje skapte dei heilt store sjansane. Det gjorde heller ikkje Trio. Så då Simon Malkenes ti minutt før pause dribla av eit par Trio-forsvarar og klinte ballen i nota frå skrått hold var det heilt fortent.

Kreftene ebba litt ut utover i 2.omgongen og gjestane kom meir med. Likevel klarte Njardar å auka leiinga. Torstein Flakke drog seg fint forbi på høgrekanten og hans perfekte innlegg kunne Daniell Hauge Hansen styra i mål ved bakerste stolpe.

Mot slutten fekk Trio reduseringa si og pressa på, men Njardar-forsvaret kjempa heroisk og klarte å hala sigeren i land.

Desse var med: Andreas Frøyseth, Rolf Elling Utne, Henrik Malkenes, Morris Skulstad, Ruben S. Lunde, Torstein Flakke, Aksel Lande, Andreas Langeland, Vegard Frøkedal, Daniell Hauge Hansen, Simon Malkenes, Andreas Bakke.