Ny runde med Sundagsakademiet

Publisert av:
30/10/2012 09:18

Det vert teke sikte på eitt arrangement i haust og to nye arrangement over nyttår. Tysnes folkebibliotek er no eine arrangør for Sundagsakademiet. 

Onkel i Amerika – kvar vart det av han?

Gjennom svært mange år har Atle Tornes, utflytta tysnesing busett i Fitjar, forska på hobbybasis kring tysnesingar som emigrerte til Amerika. Spørsmålet har ikkje berre vore kven som emigrerte – men kvar det vart av dei. Kor busette dei seg, kva arbeidde dei med, og korleis har det gått med slekta sidan? Det har vore ei omfattande oppgåve som har medført fleire turar til USA, for ikkje å snakka om telefonar og atskillege timar innlogga i arkiv på internett.

Atle Tornes har såleis så langt kartlagt omlag åtti prosent av tysnesingane som drog til USA. Sundag 4. november vil han fortelja meir om det store prosjektet. 

Tid og stad: Sundag 4. november kl 17, Tysnes folkebibliotek