Publisert av: Martha Nygård Lande
11/3/2024 07:23
Ny rekord for antall turar til Blåbærhaugen i forbindelse med innsamlingasaksjonen til Kreftforeningen
Søndag 10. mars klokka 23.59 vart siste tur, for årets innsamlingsaksjon til Kreftforeningen, registrert på Blåbærhaugen.
Det vart dermed også klart at det er satt ny rekord. Til saman i den perioden innsamlingsaksjonen varte, 4. – 10. mars, er det registrert 3018 turar på toppen. Dagen med færrast turar var fredag, med 304. Søndag var beste dagen, då vart det registrert 635 turar.
Dermed blir det eit flott resultat, som betyr at Alsaker Fjordbruk gjev 301.800 kroner til innsamlingsaksjonen.