Publisert av:
29/9/2010 17:50
Ny rådmann er tilsett
Roy-Sverre Amundsen vart tilsett i Tysnes kommunestyre tysdag 28. september. Det melder kommunen på si heimeside.
Amundsen er 54 år og kjem frå stillinga som dagleg leiar i eit kommunalt selskap på Bømlo. 54-åringen har tidlegare vore etatsjef i Kvam og Stord.
– Amundsen vert ein god rådmann i Tysnes, kommenterer ordførar Helge Hauge til tysnes.kommune.no.