Ny programleiar til Tysnesfest
25/12/2016 23:00
Tommy Hansen satsar no også som programleiar for Tysnesfest 2017!
Med den store breidda i programmet til Tysnesfest, kjem det nok godt med å ha erfaring frå heile spekteret mellom betong og blogg!
For dei som ynskjer å sjå meir av humorinnslaga til Hansen, kan ein trykka seg inn her.
Ny gjest
Tommy Hansen presenterer også ein ny gjest til Tysnesfest laurdag 15. juli: Til Bermudateltet, og seinare på kvelden på Mandelhuset, kjem den kjente bloggaren Sophie Elise. Kva ho skriv om kan du lesa om her.
I følgje Hansen har Sophie Elise og han sjølv mykje til felles. Ho er 22 år, han har vore 22 år. Ho er oppteken av dyrevern, han har hund. Ho har operert fleire kroppsdelar, han har sydd eit sår på kneet. Ho har vore på Tv, han har sett på tv. Fint lite som skil desse to altså!

Sophie Elise, skjermbilde frå videoblogg.