Ny, moderne bil på plass
31/3/2020 18:40
Tysnes brann og redning har no skifta ut den gamle Hiacen som har gjort tjeneste som First Responder bil i snart 20 år. Ein stolt brannsjef, Torfinn Kongsvik, fortel at mandag 30. mars kom ein splitter ny Mercedes Vito på plass på brannstasjonen i Eredalen. Denne vil no ta over oppgåvene til den gamle.
Moderne utstyr
I bilen er det utstyr for overflateredning, røykdykkerstolar, eit mini slukkeanlegg med skum og utstyr for First Responder-oppdrag. Mannskapa i brannvesenet på Tysnes er utsjekka som akutthjelparar. I den nye bilen er det er det nødvendig utstyr som hjertestartar, oksygen og generelt førstehjelpsutstyr. Kursinga som akutthjelpar er eit samarbeid med Stiftelsen norsk luftambulanse. -Tenesta er ein ekstra ressurs i tillegg til den ordinære ambulansetenesta og ikkje ei erstatning framhevar Kongsvik.
-Intensjonen er at mannskapa vert alarmert og rykkjer ut på raude responsar i dei tilfella ambulansen er meir enn 20 min vekke og akutthjelperene kan vere framme før. Dei skal også varslast på melding om livlause pasientar for å bistå ambulanse, eller hjelpe pasienten til ambulanse eller lege kjem. Smittesituasjonen med korona har ført til nye rutinar og bruk av smittevernutstyr på desse oppdraga.