Ny likemann

Publisert av:
20/2/2012 14:48

– Ein likemann er nokon som har same handikap som dei ein vil yta hjelp til. Eg har vore hørselsskadd frå 94 og har brukt høyreapparat på begge øyra sidan, fortel Andersen til Tysnesingen.

Ein likemann har også kurs gjennom HLF (2 helgekurs) der ein lærer myke som er nyttig når ein skal snakka om høyrsletap og hjelpa og informera folk.

Dersom du vil ha info om hørsel generelt, eller hjelp til høyreapparatet ditt, eller har spørsmål om høyrsletap og korleis ein går fram for å sjekka høyrsla og kor ein kan få tak i høyreapparat og kva du må betale. Då kan Olav Andersen vera til hjelp.

Dette er gratis då HLF betalar alle mine utgifter, seier han. – Eg sel også batteri til høyreapparat og kan skaffa voksfilter til: i øyra apparat.

Olav Andersen kan treffast i kaffikroken på Maila/Triangel i Våge siste laurdagen i månaden mellom kl. 11.00 til 14.00, fram til og med 30 juni 2012.