Ny heimesiger
1/10/2011 19:17
Dagens motstandar var Munkebotnen, eit lag som bestod for det meste av juniorspelarar. Dette gjorde nok sitt til at det var høgt tempo i kampen og noko som igjen medførte ein del dårlege pasningar og pasningsval.
I 1.omgong var det Njardar som var det førande laget. Det tok likevel om lag 40 minutt før første målet kom. Terje Hagen drog seg ned langs høgrekanten, og la ut att til Aksel Lande. Frå 16-meter klinka ungguten til og ballen reflekterte ein motstandar og det utmanøvrerte bortekeeperen og dermed 1-0.
Etter pause var gjestane meir på hugget og det var meir trykk mot Njardar-forsvaret. Men bakerst har Njardar ein stødig keeper i Kjartan Hagen som er sikker i klypene.
Likevel fekk Munkebotnen si utlikning. Den kom fem minutt før full tid. Eit lågt, hardt innlegg traff ein Njardar-spelar til sjølvmål og 1-1.
Men Njardar gav ikkje opp. Veteran Ronny Hagen vart kasta innpå som spiss mot slutten, og i siste speleminutt sendt han ein lang lobb over keeper til 2-1 siger for Njardar.
Desse var med: Kjartan Hagen, Fredrik Winther, Daniell Hauge Hansen, Gard Bakke, Fahri Akyuz, Torstein Flakke, Aksel Lande, Thomas Hagen, Tommy Hansen, Terje Hagen, Simon Malkenes, Morris Skulstad, Torbjørn Onarheim, Raymond Epland, Åge Bakke, Endre Vermedal, Ronny Hagen.